1Son min, har du borga ¬for nesten din og gjeve handslag ¬til ein framand,
2har du bunde deg med ord, er du fanga av det du har sagt,
3så gjer då dette ¬og berga deg, son, sidan nesten din ¬har fått makt over deg: Gå straks av stad ¬og treng inn på mannen,
4unn deg ikkje blund på augo, og lat ikkje augneloka kvila!
5Fri deg som ein gasell ¬frå fangstmannen, som ein fugl frå jegerens hand!
6Gå til mauren, du late, sjå på hans strev og vert vis!
7Han har ingen hovding, korkje tilsynsmann eller herre,
8men syter for mat ¬om sommaren og samlar inn føde ¬om hausten.
9Kor lenge vil du liggja, du late, når vil du vakna og stå opp?
10«Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund, leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»
11Då kjem fattigdom på deg ¬som farande fant og nauda som velvæpna mann.
12Ein niding og ugjerningsmann ¬er den som går ikring ¬med lygn på tunga,
13som blunkar med augo, ¬skrapar med foten og gjer teikn med fingrane.
14Han har planar ¬om å øydeleggja og har alltid vondt i tankar; slik skaper han trette og strid.
15Difor kjem ulukka ¬over han brått, med eitt vert han knust ¬og kan ikkje lækjast.
16Seks er dei ting ¬som Herren hatar, og sju er ein styggedom ¬for han:
17hovmodige augo ¬og svikefull tunge, hender som renner ut ¬skuldlaust blod,
18eit hjarta som legg ¬vonde planar, føter som spring ¬etter det som er vondt,
19falske vitne som fer med lygn og skaper strid mellom brør.
20Son min, hald dei bod ¬som far din gav deg, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!
21Knyt dei alltid til hjarta ditt, og bind dei fast om halsen din!
22Når du går, skal dei leia deg, når du ligg, skal dei verna deg, og når du vaknar, ¬skal dei tala til deg.
23For bodet er ei lykt ¬og læra eit ljos, refsing og tukt ¬er ein veg til livet.
24Dei skal verna deg ¬mot vond kvinne, mot den sleipe tunga ¬åt framand kvinne.
25Trå ikkje etter hennar venleik, lat deg ikkje fanga ¬av hennar strålande augo!
26Ei hore kan du få ¬for ein brødleiv; men ei gift kvinne driv jakt på dyre menneskeliv.
27Kan nokon sanka glør i fanget utan at kleda tek til å brenna?
28Eller kan nokon gå på glør utan å svida føtene?
29Så går det den som ligg med kona ¬åt nesten sin. Ingen som rører henne, kjem ustraffa frå det.
30Vert ikkje tjuven vanvørd når han stel for å stilla svolten?
31Vert han gripen, ¬må han bøta sjudobbelt, han må gje frå seg ¬alt det han har i huset.
32Tankelaus er den ¬som driv hor med ei kvinne, den som gjer slikt, ¬øydelegg seg sjølv.
33Skam og skade får han, og ingen stryk ut hans vanære.
34For svartsykja brenn ¬i ektemannen, han er ikkje mild ¬den dagen han tek hemn.
35Han bryr seg ikkje ¬om løysepengar, og tek ikkje imot ¬om du byd han store gåver.