1Son min, gjev akt på ¬min visdom, vend øyra til mitt skjøn!
2Så kan du ta vare på gode råd og vakta på kunnskapen ¬når du talar.
3Framand kvinne ¬har honning på lippa, sleipare enn olje ¬er hennar tunge.
4Men til sist er ho beisk ¬som malurt og kvass ¬som eit tvieggja sverd.
5Hennar fotsteg fører til døden, til dødsriket går hennar fet.
6Ho aktar ikkje på livsens stig, ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.
7Så høyr på meg, mine born, vik ikkje av frå dei ord eg talar!
8Hald deg unna ¬annan manns kone, kom ikkje nær hennar dør!
9Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre, dine beste år ¬til ein nådelaus herre.
10Framande får metta seg ¬av det du eig, det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.
11Så må du stynja i di ¬siste stund, når kroppen og holdet ¬tærest bort,
12og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tukt og ikkje bry meg om refsing!
13Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg, og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.
14Det hadde nær gått ille ¬med meg då folket var samla til ting.»
15Drikk or din eigen brunn, rennande vatn ¬or di eiga kjelde!
16Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata, bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!
17Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølv og ikkje dela dei med andre.
18Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over ¬din ungdoms kone,
19den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ¬ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!
20Son min! Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør, kvifor ta framand kvinne ¬i famn?
21Herren ser kvar mannen går, gjev akt på alle hans stigar.
22Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd, syndene held han fast ¬som snarer.
23Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt, i sin store dårskap ¬går han til grunne.