Proverbs 4NO1978NN

1Lyd etter, born, når far dykkar formanar, høyr på han, så lærer de skjøn!

2God er den lærdom ¬eg gjev dykk. Vik ikkje av frå mi rettleiing!

3Då eg var barn ¬og budde hjå far, var einaste småguten ¬heime hjå mor,

4då lærte han meg og sa: «Lat hugen din halda fast ¬på mine ord, hald mine bod, ¬så skal du leva!»

5Få deg visdom og kjøp deg vit, gløym ikkje det eg har sagt, og vik ikkje av frå det!

6Gå ikkje bort frå visdomen, ¬så vaktar han deg, hald av han, så vernar han deg.

7Vil du få visdom, så kjøp han, bruk alt det du eig ¬til å vinna vit!

8Set visdomen høgt, ¬så lyfter han deg; tek du han til deg, ¬gjev han deg ære.

9Han set ein fager krans ¬på ditt hovud og gjev deg ei strålande krone.

10Høyr etter, son, ¬ta imot mine ord, så vert dine leveår mange.

11Eg lærer deg visdoms veg og fører deg på dei rette stigar.

12Når du går, ¬skal ingenting hindra foten, og når du spring, ¬skal du aldri snåva.

13Hald alltid fast ¬på det du har lært, ta vare på det, for det er ditt liv.

14Slå ikkje inn ¬på gudløysings stig, fylg ikkje vegen dei vonde går.

15Sky han og hald deg unna, vend deg frå han og ¬gå utanom!

16Dei gudlause får ikkje sova utan at dei har gjort ¬eitkvart vondt; dei misser svevnen om dei ikkje har fått ¬einkvan til å falla.

17For vondskap er maten dei et, og valdsferd er vinen ¬dei drikk.

18Men stigen åt dei rettferdige ¬er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare ¬til det er ljos dag.

19Men den vegen dei vonde går, ¬er som kolmørkret; dei veit ikkje kva dei snåvar i.

20Lyd på det eg seier, son min, vend øyra til og høyr mine ord!

21Slepp dei aldri ut or syne, gøym dei djupt i hjarta!

22For dei er liv ¬for den som finn dei, og helsebot for heile kroppen.

23Ta vare på hjarta ¬framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det.

24Hald deg frå falske ord, bruk aldri lippene til svik!

25Lat augo dine sjå beint fram, fest blikket på det ¬som ligg framføre deg!

26Legg merke til ¬dei far du skal fylgja, hald heile vegen stø kurs!

27Vik ikkje av ¬til høgre eller venstre, hald foten din ¬frå det som er vondt!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.