1Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min, ta vare på mine bod i ditt hjarta!
2For dei gjev deg ¬mange dagar og år og gjer di lukke større.
3Lat aldri godleik ¬og truskap fara, men bind dei om din hals, og skriv dei på di hjartetavle!
4Då får Gud og menneske ¬godvilje for deg og held deg for ein vitug mann.
5Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit!
6Tenk på han ¬kvar du ferdast, så gjer han dine stigar jamne.
7Ver ikkje klok i eigne augo, ha age for Herren, og hald deg frå det ¬som er vondt!
8Det vert til helsebot ¬for kroppen og gjev deg kraft ¬i merg og bein.
9Æra Herren med det du eig, med fyrstegrøda ¬av all di avling.
10Då vert di matbu rikeleg fylt, og druesafta renn over ¬i kummane dine.
11Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt, miss ikkje motet når han refser!
12For Herren tuktar ¬den han elskar, som ein far refser ¬den son han har kjær.
13Sæl er den som finn visdom, det menneske ¬som vinn godt skjøn.
14Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, ¬er større enn gull.
15Dyrare er han enn perler, av alle dine skattar ¬er ingen som den.
16I si høgre hand ¬har han langt liv, i si venstre rikdom og ære.
17På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara, alle hans stigar fører til fred.
18Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han, sæle er dei ¬som held fast på han.
19Herren grunnla jorda ¬med visdom og reiste himmelen med skjøn.
20Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa fram og dogga drypa frå skyene.
21Ta vare på klokskap ¬og omtanke, og slepp dei ikkje or syne, son!
22Då skal dei vera til liv for deg, ei fager kjede om halsen din.
23Då kan du vandra trygt ¬på din veg og ikkje støyta foten mot noko.
24Du er ikkje redd ¬når du går til ro, når du har lagt deg, ¬søv du så godt.
25Du treng ikkje reddast ¬for støkk, for stormen som kjem ¬over dei vonde.
26For du kan setja di lit ¬til Herren, han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.
27Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!
28Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg, og kom att i morgon, ¬så skal du få!» – så sant du har noko ¬å gje han no.
29Legg ikkje vonde planar ¬mot din neste som bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.
30Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn, når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.
31Misunn ikkje den ¬som brukar vald, vel ikkje å fylgja i hans fotefar!
32Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege ¬har han samfunn.
33Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause, men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.
34Spottarar svarar han ¬med spott, men dei audmjuke ¬gjev han nåde.
35Vise menn vinn ære, men dårar får stor skam.