Proverbs 2NO1978NN

1Son min, ta imot mine ord, og ta vare på mine bod,

2så du vender øyra til visdomen og freistar å skjøna ¬med heile din hug.

3Ja, berre kall på vitet, og rop etter skjøn ¬med høg røyst!

4Leit etter det som var det sølv, grundig som når ein grev ¬etter skattar.

5Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er, og vinna kjennskap til Gud.

6For det er Herren ¬som gjev visdom, frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.

7Han lèt dei ærlege ¬ha framgang, er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.

8Han vernar dei stigar ¬der retten rår, og vaktar vegen ¬for sine trugne.

9Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett, på rettvise og all god framferd.

10For du skal få visdom i hjarta, og kunnskap ¬skal gjera deg glad.

11Ettertanke skal vakta deg og godt skjøn verna deg.

12Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen, frå folk som fer ¬med rang tale,

13frå dei som går bort ¬frå dei rette stigar og held seg til mørke vegar.

14Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt, og fegnast over ¬det vonde og vrange.

15Dei ferdast på krokete stigar, går seg bort på sine vegar.

16Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone, frå framand kvinne ¬som lokkar så fint,

17ho som har svike ¬sin ungdoms ven og gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud.

18Huset hennar ¬sig ned til dødsriket, vegen hennar ¬fører ned til dei døde.

19Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att, dei når ikkje fram ¬til livsens stigar.

20Men visdom ¬skal hjelpa deg til å fylgja den vegen ¬der dei gode går, og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast.

21For dei rettvise ¬skal bu i landet, dei ærlege skal få vera der.

22Men dei gudlause ¬skal rydjast ut og svikarane rivast bort ¬frå landet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.