Proverbs 1NO1978NN

1Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.

2Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom, så ein skjønar vitug tale

3og tek imot tukt ¬som gjev framgang, og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.

4Dei gjev den urøynde klokskap og ungdomen kunnskap ¬og omtanke.

5Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom, den vituge lærer ¬å styra sin tanke,

6så han skjønar ordtak ¬og bilettale, ord av vismenn og ¬gåtene deira.

7Age for Herren ¬er opphav til kunnskap; dårar vanvørder ¬visdom og tukt.

8Høyr etter når far din ¬formanar deg, son, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

9For det er ein fager krans ¬om ditt hovud, ei kjede som pryder din hals.

10Fylg ikkje syndarar, son min, når dei lokkar deg,

11når dei seier: ¬«Kom og ver med oss! Vi vil liggja på lur og drepa, setja feller for skuldlause ¬utan grunn.

12Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket, la dei gå heilt til grunne lik dei som går i grav.

13Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna, fylla våre hus med røva gods.

14Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette, alle skal vi ¬ha same pengepungen.»

15Son min, slå ikkje lag ¬med dei, hald foten din borte ¬frå deira stig!

16Dei spring så lett ¬etter det som er vondt, og er snøgge til å renna ut blod.

17Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettet så alle fuglane ser det.

18Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv, dei set feller for seg sjølve.

19Så går det alle ¬som jagar etter vinning, det tek livet av dei.

20Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata, lèt røysta si lyda på alle torg.

21Midt i ståket ropar ho ut, tek til ords ¬i dei opne byportane:

22Kor lenge skal de godtrune elska godtruenskapen? Kor lenge skal spottarane ha glede av å spotta og dårane hata kunnskap?

23Vend dykk hit ¬når eg refser, så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykk og gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.

24De ville ikkje høyra ¬når eg ropa, og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;

25de brydde dykk ikkje ¬om mine råd og ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.

26Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk, og spotta ¬når de vert slegne av redsle,

27når redsla fer fram ¬som eit uver, når ulukka kjem som ¬ein storm, og de vert ute ¬for trengsle og naud.

28Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje; dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.

29Fordi dei hata kunnskap og ikkje valde å ottast ¬Herren,

30fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt råd og vanvørde ¬alle mine refsingsord,

31difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferd og mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.

32Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet, tryggleiken ¬tyner dårane.

33Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygt og leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.