Proverbs 30NO1978NN

1Ord av Agur, son til Jake frå Massa. Så lyder ordet åt mannen: Gud, eg er trøytt, Gud, eg er trøytt og utmødd.

2Eg er for dum ¬til å vera ein mann, eg har ikkje vit ¬som eit menneske.

3Visdom har eg ikkje lært, eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage.

4Kven har stige opp ¬til himmelen og er komen ned att? Kven har samla vinden ¬i si hole hand og bunde vatnet i eit klede? Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda? Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans? Det veit vel du?

5Kvart ord frå Gud er reint. Han er eit vern ¬for dei som flyr til han.

6Legg ikkje noko til hans ord, elles refser han deg, og du står der som lygnar.

7To ting vil eg be deg om, dei må du ikkje nekta meg ¬før eg døyr:

8Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg, og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom, men lat meg få den mat ¬eg treng!

9Elles kunne eg verta så mett at eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?» eller verta så fattig at eg stal og forbanna namnet ¬åt min Gud.

10Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre; elles vil han forbanna deg, og du må bøta for di synd.

11Det finst folk ¬som forbannar far sin og ikkje velsignar mor si,

12folk som er reine i eigne augo, men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg,

13folk som er stolte i blikket – å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! –

14folk som har sverd til tenner og knivar i kjakane, så dei et armingar ut or landet og fattige ut or folket.

15Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev». Det finst tre ¬som ikkje vert mette, og fire som aldri får nok:

16dødsrike og barnlaust ¬morsliv, jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn, og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.»

17Den som ser spottande ¬på far sin og ikkje vil lyda mor si, på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo, og ørnungar skal eta dei opp.

18Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg, og fire som eg ikkje skjønar:

19ørns flòg over himmelen, orms veg over berget, skips veg på havet og manns veg ¬til ei ung kvinne.

20Så ber ei trulaus kvinne seg åt: Ho et og turkar seg ¬om munnen og seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.»

21Tre ting får jorda til å skjelva, og fire kan ho ikkje tola:

22trælen når han vert konge, og dåren ¬når han får eta seg mett,

23attergløyma ¬når ho vert gift, og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24Det finst fire ¬som er små på jorda, og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk, men om sommaren ¬finn han seg føde.

26Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke, og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27Grashoppene har ingen konge, men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28Firfisla kan ein ta ¬med hendene, og endå er ho i kongens slott.

29Det finst tre ¬som går med stolte steg, og fire som har ei fager gonge:

30løva, kjempa mellom dyra, som ikkje vik for nokon,

31hanen som går ¬og bretter seg, bukken fyrst i flokken og kongen i brodden ¬for sitt folk.

32Har du vore dum ¬og hovmodig, så tenk deg om ¬og legg handa på munnen!

33For trykk på mjølk gjev smør, trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide valdar strid.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.