1Ein mann ¬som får refsing ¬og endå er stridlyndt, han vert brått knust ¬og kan ikkje lækjast.
2Når rettferdige får makta, ¬fegnast folket, når ein niding styrer, ¬sukkar folket.
3Den som elskar visdom, ¬gleder far sin, den som held lag med skjøkjer, ¬øyder si eige.
4Ein konge tryggjer sitt land ¬med rett, den som syg det ut, ¬legg det i øyde.
5Ein mann som smeikjer ¬for nesten sin, set eit garn for føtene hans.
6Ein vond manns synder ¬er ei felle for han, men den rettferdige ¬kan fegnast og gleda seg.
7Den rettferdige veit ¬å hjelpa småkårsfolk i retten, men den gudlause ¬har ikkje vit på noko.
8Spottarar øser opp heile byen, men vismenn får vreiden ¬til å stilna.
9Når ein vis mann ¬har sak med ein dåre, vert det bråk og lått og inga ro.
10Dei blodtyrste hatar ¬ein heidersmann, men dei ærlege tek seg av han.
11Ein dåre gjev luft ¬for alt sitt sinne, men ein vismann held det att.
12Ein hovding ¬som høyrer på lygn, får berre skarvar til tenarar.
13Fattigmann og valdsmann ¬møtest, Herren gjev begge augneljos.
14Når ein konge dømer ¬dei fattige rettferdig, står hans kongsstol støtt ¬for alltid.
15Ris og refsing gjev visdom, men ein gut ¬som får gjera som han vil, fører skam over mor si.
16Får nidingar makta, ¬aukar synda, men når dei fell, ¬vert dei rettvise glade.
17Tukta son din, ¬så gjev han deg ro og gjer deg glad i hugen.
18Utan openberring ¬fer folket vilt, lukkeleg er den som held lova.
19Ein træl lèt seg ikkje ¬tukta med ord, han skjønar dei nok, ¬men lyder dei ikkje.
20Ser du ein mann ¬som er snar når han talar – det er større von ¬for dåren enn for han.
21Når ein skjemmer bort trælen ¬frå ungdomen av, vert han strid og ulydig til sist.
22Snarsint mann ¬valdar strid og trette, den brålyndte ¬gjer mykje vondt.
23Hovmod fører menneske ¬til fall, men den audmjuke vinn ære.
24Den som deler med tjuvar, ¬hatar sitt liv, han høyrer forbanninga, ¬men seier ikkje frå.
25Den som reddast menneske, ¬set feller for seg sjølv, men den som lit på Herren, ¬er trygg.
26Mange vil vinna velvilje ¬hjå ein hovding, men frå Herren ¬får mannen sin rett.
27Dei rettvise styggjest ¬ved den som gjer urett, ein styggedom ¬for dei gudlause er den som lever rett.