1Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei, den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.
2Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar, men ein klok mann ¬kan styra lenge.
3Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk, liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren, så det ikkje vert korn til brød.
4Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause, den som held lova, ¬går til strid imot dei.
5Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett, men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.
6Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera rik ¬og gå krokvegar.
7Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son; den som held lag ¬med drikkebrør, fører skam over far sin.
8Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger, samlar til ein som har medynk ¬med armingar.
9Når nokon vender øyra bort og ikkje vil høyra på rettleiing, då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom.
10Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar, han fell i si eiga grav, men det gode går i arv ¬til heidersmenn.
11Ein rikmann er vis ¬i eigne augo, ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han.
12Når dei rettferdige jublar, er det herlegdom og glede; når dei gudlause ¬har framgang, held folk seg borte.
13Den som løyner sine synder, går det ikkje vel; den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne, han finn miskunn.
14Sæl er den ¬som alltid ottast Gud, men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke.
15Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørn er ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk.
16Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald; den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge.
17Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap, han er på flukt mot grava, og ingen må halda han att.
18Den som er heil i si ferd, ¬vert berga, men den som går krokvegar, ¬fell i grava.
19Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett; den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod.
20Ein trufast mann ¬får rik velsigning, men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom.
21Det er ille å gjera skil på folk, ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.
22Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom, og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.
23Den som refser ein mann, ¬får sidan større takk enn den som fer med smiger.
24Den som røvar ¬frå far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd,» han er jamgod ¬med drapsmenn.
25Den havesjuke ¬valdar strid og trette, den som lit på Herren, trivst.
26Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre, men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.
27Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud, men den som ikkje ¬vil sjå nauda, får mykje forbanning over seg.
28Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte, når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt.