Proverbs 27NO1978NN

1Rosa deg ikkje ¬av morgondagen, for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang.

2Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv, ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper.

3Steinen er tung, ¬og sand veg mykje, men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre.

4Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum, men kven kan stå seg ¬mot avundsykje?

5Betre er openberr refsing enn kjærleik ¬som ein held duld.

6Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår, men fiendens kyss ¬er svikefulle.

7Den mette vrakar ¬den finaste honning, alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.

8Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret, er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.

9Olje og røykjelse ¬gleder hjarta, så òg ein vens kjærleik meir enn gode råd.

10Gjev ikkje slepp på din ven og på venen åt far din; gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud. Ein granne ¬som bur tett attmed, er betre enn ein bror ¬langt borte.

11Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta, så eg kan svara ¬dei som spottar meg.

12Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta.

13Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14Når nokon med høg røyst velsignar sin neste ¬tidleg om morgonen, er det å rekna ¬som ei forbanning.

15Si-drop frå taket ¬ein regnversdag og trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16Å stansa henne ¬er som å halda på vind, som å gripa olje ¬med høgre handa.

17Jern sliper jern, og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det; den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

19Som andletet speglar seg ¬i vatnet, kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.

20Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette, og menneskeaugo ¬får aldri nok.

21Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.

22Om du støyter ein dåre ¬i morteren og knuser han saman ¬med gryna, går dårskapen likevel ikkje ¬av han.

23Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut, og syt vel for buskapen din!

24For rikdom varer ikkje evig, eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.

25Når graset er borte ¬og håa kjem til synes, og folk samlar ¬fjellgraset saman,

26då har du lam ¬og kan få deg klede og bukkar ¬til å kjøpa ein åker for;

27du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus, til livsopphald ¬for jentene dine.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.