1Som snø om sommaren ¬og regn i skurden, så lite høver ære for ein dåre.
2Lik sporv og svale ¬som flyg utan mål, er grunnlaus forbanning ¬– ho råkar ikkje.
3Som svepe til hesten ¬og taum til eselet er ris til ryggen på dårar.
4Svar ikkje dåren ¬så dumt som han spør, elles vert du sjølv som han.
5Lat dåren få svar ¬som høver til hans dårskap, så han ikkje vert vis ¬i eigne augo.
6Den som sender bod ¬med ein dåre, høgg føtene av seg ¬og må tola hard medferd.
7Slappe heng føtene ¬på den lame, så òg ordtak i munnen ¬på dårar.
8Lik den som legg ein stein ¬i slyngja, er den som gjev ein dåre ære.
9Som klungergrein ¬i handa på drukken mann er ordtak i munnen på dårar.
10Lik ein skyttar ¬som sårar kvar og ein, er den som leiger ein dåre, eller folk som råkar til ¬å gå framom.
11Lik hunden som snur seg ¬til sitt eige spy, er ein dåre ¬som tek opp att sin dårskap.
12Ser du ein mann ¬som trur han er vis, er det større von ¬for dåren enn for han.
13Den late seier: «Det er ei løve på vegen, ei ungløve i gatene.»
14Døra svingar på gjenga, den late snur seg i senga.
15Den late stikk handa i fatet, men idest ikkje ta henne ¬til munnen.
16Den late trur han er visare enn sju som gjev kloke svar.
17Lik ein som tek tak i øyro på ein hund ¬som spring framom, er den som ryk opp i sinne for ei trette ¬som ikkje kjem han ved.
18Lik ein galen mann ¬som sender ut brannpiler og drepande skot,
19er den som har svike ein ven og seier: «Eg gjorde det ¬berre for moro.»
20Når veden er ende, ¬sloknar elden; når baktalaren er borte, ¬stilnar tretta.
21Det trengst kol til glør ¬og ved til eld og trettekjær mann ¬til å skapa strid.
22Ein baktalars ord ¬er som godbitar, dei sig djupt ned ¬i kroppen.
23Som sølvlag på ei leirskål er sleipe lipper ¬og vondskap i hjarta.
24Ein uven skaper seg til ¬med lippene, men inni seg ber han ¬på svik.
25Gjer han seg blidmælt, ¬så tru han ikkje, for det er sju slag styggedom ¬i hjarta hans.
26Jamvel om ein døl sitt hat ¬med list, kjem vondskapen fram ¬når folket samlast.
27Den som grev ei grav, ¬dett sjølv nedi, den som velter opp ein stein, ¬får han over seg.
28Den som talar ¬med falsk tunge, hatar den han knuser; ein sleip munn ¬får mange til å falla.