1Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.
2Det er Guds ære å dølja ei sak, men kongars ære ¬å granska henne.
3Himmelhøgd og jordedjup og kongars hjarta ¬kan ingen granska.
4Skil slagget frå sølvet, så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det.
5Før dei gudlause bort ¬frå kongen, så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd.
6Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på, og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!
7For det er betre ¬dei seier til deg: «Kom og set deg her oppe!» enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding. Kva du så ser med eigne augo,
8ver ikkje for snar ¬til å reisa sak! For kva vil du gjera til sist når nesten din ¬fører skam over deg?
9Før di sak med nesten din, men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom!
10Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg, og du får for alltid ¬uord på deg.
11Som eple av gull i skåler ¬av sølv er ord ein talar i rette tid.
12Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint gull er den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.
13Som svalande snø ¬ein dag i skurden er ein påliteleg bodberar ¬for sin herre, han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.
14Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn, er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det.
15Med tolmod ¬vert hovdingen overtald, den milde tunga knuser bein.
16Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng; elles vert du for mett ¬og spyttar han ut.
17Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven, elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat.
18Som hamar og sverd ¬og kvasse pil er den som vitnar rangt ¬mot sin neste.
19Som roten tann og ustø fot er tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen.
20Å syngja for den ¬som er sorgfull, er som å kasta kappa ¬ein vinterdag eller som å slå eddik på natron.
21Er din uven svolten, ¬så lat han få mat, er han tyrst, ¬så gjev han drikke!
22Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud, og Herren skal løna deg for det.
23Nordavinden kjem med regn, med baktale fylgjer ¬sinte andlet.
24Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.
25Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupe er godt nytt frå framandt land.
26Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunn er ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus.
27Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt; ver sparsam med rosande ord!
28Lik ein øydelagd by ¬med nedriven mur er ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug.