Proverbs 24NO1978NN

1Ver ikkje arg ¬på vonde menn, ha ikkje hug til å vera med dei!

2For dei tenkjer på å gjera vondt og talar berre om ulukke.

3Med visdom byggjer ein hus, med skjøn reiser ein det.

4Med godt skjøn vert roma fylte av alle slag dyre og fine ting.

5Den vise mannen har styrke, den kunnige aukar si makt.

6Med klok leiing ¬kan du føra krig; når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger.

7Visdom heng høgt for dåren, i rådet opnar han ikkje ¬sin munn.

8Den som legg vonde planar, vert kalla ein renkesmed.

9Det dåren finn på, er synd, og spottaren er ¬ein styggedom for folk.

10Misser du motet ¬på trengselsdagen, då har du liten styrke.

11Berga dei ¬som dei hentar til døden, hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden.

12Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje», skjønar han det likevel, han som prøver hjarto. Han som vaktar deg, veit det og løner kvar mann ¬etter hans gjerning.

13Et honning, son min, ¬for den er god, den fine honningen ¬er søt for din gane.

14Og vit at så er det òg ¬med visdom for sjela. Finn du den, ¬så har du ei framtid, di von er ikkje ute.

15Ligg ikkje og lur, ¬du gudlause, på rettferdig manns bustad, og legg ikkje heimen hans ¬i øyde!

16Sju gonger ¬kan den rettferdige falla og reisa seg att, men dei gudlause stuper ¬når ulukka kjem.

17Gled deg ikkje ¬når din fiende fell, fegnast ikkje når han stuper.

18Elles vil Herren sjå det ¬med mishag og venda vreiden sin frå han.

19Harmast ikkje ¬på dei som gjer vondt, og misunn ikkje dei gudlause!

20For dei vonde ¬har inga framtid, lampa åt dei gudlause sloknar.

21Ha age for Herren ¬og for kongen, son! Slå ikkje lag med opprørarar,

22for brått er ulukka over dei. Kven veit når øydelegging ¬kjem frå dei begge?

23Desse ordtøka er òg ¬av vismenn. Det er ille når ein domar ¬gjer skil på folk.

24Seier nokon til ein skuldig: ¬«Du har rett», så vil menneske forbanna han og folkeslag ynskja vondt ¬over han.

25Men dei som dømer rett, ¬går det vel, lukke og velsigning ¬kjem over dei.

26Å gje greie svar er som å gje kyss på lippa.

27Fullfør arbeidet ute, gjer deg ferdig på åkeren, så kan du byggja deg hus.

28Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din! Du vil vel ikkje svika ¬med lippene dine?

29Sei ikkje: ¬«Som han har gjort ¬med meg, så vil eg gjera med han; eg vil løna mannen ¬etter hans gjerning.»

30Eg gjekk framom ¬ein lat manns mark, langs vingarden ¬åt ein tankelaus mann.

31Sjå, der var det fullt av nesler, grunnen var overgrodd ¬med ugras, og steingarden kringom ¬var nedriven.

32Eg såg det ¬og beit meg merke i det, eg tok lærdom av dette synet.

33«Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund, leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»

34Då kjem fattigdomen ¬som ein farande fant og nauda som ein tiggar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.