1Når du sit til bords ¬med ein mektig mann, så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,
2og set ein kniv på strupen din om mathugen er for stor.
3Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter, for det kan vera svikefull kost.
4Streva ikkje etter å verta rik når du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.
5Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte; brått har han fått seg venger og flyg til vers som ei ørn.
6Et ikkje brød ¬hjå den som misunner, ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!
7For han er ein mann ¬med baktankar. Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,» men hjarta hans ¬er ikkje med deg.
8Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att, dine venlege ord er spilt møde.
9Du skal ikkje tala til ein dåre, for han vanvørder ¬dine kloke ord.
10Flytt ikkje gamle merkesteinar, og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!
11For deira løysingsmann ¬er sterk, han skal føra saka ¬dei har med deg.
12Ver viljug ¬til å høyra på formaning, og lyd på kloke ord!
13Lat ikkje guten vera utan tukt! Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.
14For når du slår han med riset, bergar du han frå dødsriket.
15Son min, har du visdom ¬i hjarta, vert eg òg inderleg glad.
16Det jublar inni meg når du talar det som er rett.
17Ver ikkje arg på syndarar, men streva alltid ¬etter gudsfrykt!
18Gjer du det, ¬har du ei framtid, og di von er ikkje ute.
19Høyr no, son min, og vert vis, styr dine tankar ¬den rette vegen!
20Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar, mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.
21For den som et og drikk, ¬vert fattig, og rusen kler folk i filler.
22Høyr på far din, ¬som gav deg livet, og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!
23Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje, kjøp visdom og tukt og vit!
24Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla, den som får ein klok son, ¬vert glad.
25Ver til glede ¬for far din og mor di, lat ho som fødde deg, ¬fegnast.
26Son min, gjev meg hjarta ditt, bruk augo og akta ¬på mine vegar!
27Ei skjøkje er som ei djup grav, ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.
28Ja, ho ligg på lur som ein røvar, og aukar talet ¬på trulause menn.
29Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve, kven har strid, ¬og kven må klaga? Kven har utan grunn fått sår, og kven har sløve augo?
30Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk, dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.
31Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er, kor fint han blenkjer i staupet, og kor lett han renn ned.
32Sistpå bit han som ein slange og høgg som ein hoggorm.
33Då ser augo dine ¬underlege ting, og du talar tull og tøv.
34Det er som låg du ¬midt utpå havet, eller klengde deg ¬til mastetoppen.
35«Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna or rusen? Då vil eg få tak i meir vin.»