1Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom; å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.
2Rike og fattige møtest, Herren har skapt dei alle.
3Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta.
4Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev, er rikdom og ære og liv.
5På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer, den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.
6Lær guten den vegen ¬han skal gå, så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.
7Rikmenn rår over fattige, den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.
8Den som sår urett, ¬haustar vondskap, riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.
9Velsigning får den ¬som er god mot andre, for han deler sitt brød ¬med dei fattige.
10Jag spottaren ut, ¬så går tretta med, og den skamlause striden ¬får ein ende.
11Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta, den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.
12Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap, men svikarens ord ¬gjer han maktlause.
13Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute, ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»
14Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav, den Herren er harm på, ¬fell nedi.
15Vitløyse høyrer ungguten til, men tukteriset ¬driv henne bort.
16Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige, gåver til den rike ¬gjev berre tap.
17Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord, rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.
18Det er godt ¬om du gøymer dei i hjarta og alltid har dei på lippene.
19For at du skal setja ¬di lit til Herren, forkynner eg dei for deg i dag.
20Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for deg med gode og kloke råd.
21Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord, så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.
22Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig, og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!
23For Herren vil føra deira sak og ta livet av deira ransmenn.
24Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg, og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,
25så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegar og setja ei felle for ditt liv.
26Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslag og borgar for folk ¬som har gjeld.
27Når du ikkje har noko ¬å betala med, kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?
28Flytt ikkje gamle merkesteinar som fedrane dine har reist.
29Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hjå kongar og skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.