1Ein einstøing ¬fylgjer sin eigen hug, med stort hell yppar han strid.
2Dåren bryr seg ikkje ¬om godt skjøn, han vil visa ¬kva han tenkjer sjølv.
3Kjem gudlaus mann, ¬kjem vanvørdnad òg, og med skam fylgjer spott.
4Ein manns ord ¬er som djupt vatn, og visdoms kjelde ¬er ein bekk som vell fram.
5Det er ille ¬å halda med skuldig mann og driva den rettferdige ¬bort frå retten.
6Dårens lipper valdar strid, og munnen hans ropar ¬etter riset.
7Dårens munn ¬er til skade for han sjølv, og lippene er ei felle for han.
8Ord av ein baktalar ¬er som dei beste retter, dei sig ned i kroppen.
9Den som er lat i sitt arbeid, han er bror til øydaren.
10Herrens namn ¬er eit festningstårn; dit spring den rettferdige ¬og vert berga.
11Rikmanns gods ¬er hans faste borg, i hans tanke ¬er det som ein høg mur.
12Før mannen fell, ¬er han stolt i hjarta, føre ære går audmykt.
13At nokon svarar ¬før han høyrer, er dumt og til skam for han.
14Motet held mannen oppe ¬i sjukdom, men mismod, ¬kven kan bera det?
15Den kloke får seg kunnskap, dei vise legg vinn på ¬å høyra og læra.
16Gåver opnar veg for mannen og fører han fram ¬for dei store.
17Den som talar fyrst i ei sak, ¬har rett til motparten kjem ¬og granskar hans ord.
18Loddkasting gjer ende ¬på tretter, ho avgjer strid ¬mellom mektige menn.
19Har ein bror lide urett, er han verre å vinna ¬enn ei festning; å tretta med han ¬er som bom for ei borg.
20Magen mettast ¬av munnens frukt, av det som lippene ber fram.
21Tunga har makt ¬over død og liv, og dei som gjerne ¬brukar henne, får nyta hennar frukt.
22Den som finn ei kone, ¬finn lukka; han har fått velvilje hjå Herren.
23Den fattige kjem ¬med audmjuk bøn, den rike svarar med harde ord.
24Det kan gå gale med ein mann ¬som har vener, men det finst vener som er ¬trugnare enn ein bror.