1Ein turr brødbit ¬i ro og fred er betre enn festmåltid ¬med trette i huset.
2Det kan henda at ein klok træl får råda over ein uvisleg son og får dela arven med brørne.
3Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men hjarto er det Herren ¬som prøver.
4Ugjerningsmannen ¬aktar på vonde tunger, lygnaren høyrer ¬på skadeleg snakk.
5Den som spottar den fattige, ¬hånar hans skapar, den som gleder seg over ¬ulukke, slepp ikkje straff.
6Barneborn er ei krone ¬for dei gamle, og borna er stolte ¬av fedrane sine.
7Det sømer seg ikkje for dåren ¬å bruka store ord, enn mindre for ein stormann ¬å lyga.
8Ein lukkestein ¬er ei gåve for eigaren, kvar han vender seg, ¬går det han godt.
9Den som dekkjer over skuld, ¬legg vinn på venskap, den som fer med slarv, ¬skil ven frå ven.
10Skjenn har betre verknad ¬på den vituge enn hundre slag på dåren.
11Den vonde vil ikkje ¬anna enn opprør, men eit nådelaust sendebod ¬kjem til han.
12Det er betre å møta ei binne ¬som har mist sine ungar, enn å møta ein dåre, ¬dum som han er.
13Når nokon løner godt ¬med vondt, skal ulukka aldri ¬vika frå huset hans.
14Å yppa strid ¬er som å opna for vatn. Hald opp før tretta bryt laus!
15Både å frikjenna ein skuldig ¬og å døma ein rettferdig er ein styggedom for Herren.
16Kva hjelper pengar ¬i handa på dåren? Kan han kjøpa seg visdom ¬når han ikkje har vit?
17Ein ven viser alltid kjærleik, og ein frende er fødd ¬til å hjelpa i naud.
18Tankelaus er den ¬som gjev handslag og borgar for nesten sin.
19Den som likar trette, ¬likar synd; og den som lagar ¬ei stor dør, søkjer sin eigen undergang.
20Det falske hjarta ¬finn inga lukke, er tunga svikefull, ¬kjem ein i naud.
21Sorg får den ¬som har ein dåre til son, far til ein narr har inga glede.
22Glede i hjarta gjev god helse, mismod tærer på merg ¬og bein.
23Den vonde tek gåver ¬ut or si lomme, med dei vil han rengja retten.
24Den kloke har visdom for auga, men dårens augo ¬når til heimsens ende.
25Ein uvitug son argar far sin, er til beisk sorg ¬for henne som fødde han.
26Det er ille for rettvis mann ¬å måtta betala bot, men at stormenn vert slegne, ¬er i strid med all rett.
27Klok er den som sparer ¬på orda, den kaldblodige ¬er ein vitug mann.
28Når dåren teier, ¬går han òg for vis, når han held munn, ¬gjeld han for klok.