Proverbs 15NO1978NN

1Eit mildt svar ¬døyver sinne, sårande ord vekkjer vreide.

2Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap, men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.

3Herrens augo er alle stader, dei vaker over vonde ¬og gode.

4Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre, men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.

5Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin, klok er den ¬som aktar på refsing.

6I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom; det den gudlause vinn, ¬går tapt.

7Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap, men dårens hjarta er ikkje rett.

8Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.

9Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren, men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.

10Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen, den som hatar refsing, må døy.

11Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren, kor mykje meir ¬då menneskehjarta.

12Spottaren mislikar refsing, til dei vise går han ikkje.

13Glede i hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg gjer motlaus.

14Vitug mann søkjer kunnskap, men dårar fer berre ¬med dårskap.

15For ein arming ¬er dagane vonde, men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.

16Betre er lite med otte ¬for Herren enn stor rikdom med uro attåt.

17Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleik enn oksesteik med hat attåt.

18Bråsint mann ¬valdar strid og trette, den langmodige ¬får striden til å stilna.

19For den late er vegen ¬som eit klungergjerde, men jamn er stigen ¬for dei ærlege.

20Ein klok son ¬er til glede for far sin, ein dum mann ¬vanvørder mor si.

21Den tankelause ¬har glede av dårskap, den vituge går beint fram.

22Utan rådlegging ¬mislukkast planane, men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.

23Mannen gled seg ¬når munnen kan svara. Kor godt med eit ord i rette tid!

24For den kloke ¬fører livsvegen oppover, og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.

25Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige, enkjer lèt han få ha si jord.

26Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine.

27Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr, men den som hatar muter, ¬får leva.

28Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar, men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.

29Herren er langt borte ¬frå dei vonde, men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.

30Lysande augo gjer hugen glad, god bodskap gjev merg i bein.

31Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet, held ein gjerne lag med dei vise.

32Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv, den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.

33Age for Herren ¬manar til visdom, føre ære går audmykt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.