Philippians 2NO1978NN

1Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn,

2så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke.

3Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.

4Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre.

5Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!

6Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik.

7Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han ¬som eit menneske;

8han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

9Difor har Gud storleg ¬opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn,

10så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, ¬på jorda og under jorda,

11og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære!

12Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age.

13For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.

14Gjer alt utan misnøye og motseiing,

15så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda

16med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.

17Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle.

18Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

19Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

20Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsut for dykk.

21Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.

22Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet.

23Eg vonar å kunna senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi.

24Og Herren har gjort meg trygg på at eg snart skal koma sjølv.

25Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong.

26Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk.

27Ja, han var verkeleg sjuk og døden nær. Men Gud synte miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg òg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg.

28Difor er det no endå meir om å gjera for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus.

29Ta imot han i Herrens namn og med inderleg glede. Slike som han skal de halda i ære.

30Det var i arbeidet for Kristus at han var døden nær, då han våga livet for å bøta på det som vanta i den hjelp de har gjeve meg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Philippians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.