Philippians 3NO1978NN

1Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.

2Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg.

3For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.

4Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir.

5Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear,

6så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova.

7Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap.

8Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus

9og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua.

10Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han –

11om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.

12Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus.

13Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor,

14og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.

15Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk.

16Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

17Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi.

18Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross.

19Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting.

20Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar.

21Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Philippians 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.