Philippians 1NO1978NN

1Paulus og Timoteus, Jesu Kristi tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus, dei som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar.

2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

3Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk.

4Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede.

5For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet.

6Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

7Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet.

8Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn,

10så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag,

11fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.

12Eg vil de skal vita, brør, at det som har hendt meg, heller har vorte til framgang for evangeliet.

13Det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre, at det er for Kristi skuld eg er i lekkjer.

14Gjennom mitt fangenskap har dei fleste av brørne fått ei slik tillit til Herren at dei med endå større frimod enn før vågar å tala Guds ord.

15Det finst nok dei som forkynner Kristus fordi dei er misunnelege og vil ha strid, men somme gjer det av god vilje.

16Dei forkynner Kristus av kjærleik, fordi dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet.

17Dei andre gjer det for å hevda seg og ikkje med ærleg hug, i den tru at dei kan gjera fangenskapet mitt tyngre å bera.

18Men kva gjer det? Kristus vert i alle høve forkynt, kva måte det så vert gjort på, anten dei gjer det med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over. Og eg vil halda fram med det.

19For eg veit at alt dette skal verta til frelse for meg, av di de bed for meg, og Jesu Kristi Ande gjev meg hjelp.

20Eg vonar og ventar at eg ikkje skal verta til skammar i noko, men at alle, no som alltid før, skal få sjå kor stor Kristus er ved det som hender med meg, anten eg lever eller døyr.

21For meg er livet Kristus og døden ei vinning.

22Men kan eg gjera eit arbeid som ber frukt om eg lever lenger, då veit eg ikkje kva eg skal velja.

23Eg kjenner meg dregen til begge sider: Eg har hug til å fara herifrå og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.

24Men for dykkar skuld er det meir naudsynt at eg får leva.

25Det er eg viss på, og difor veit eg at eg skal få leva og vera hjå dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

26Og når eg kjem til dykk att, skal de i Kristus Jesus få rikeleg grunn til å prisa dykk lukkelege for mi skuld.

27Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Anten eg no kjem og sjølv ser dykk, eller eg er borte, så lat meg få høyra at de står faste i éin Ande og samhuga strider for trua på evangeliet,

28og ikkje på nokon måte lèt dykk skræma av motstandarane. Dette er eit varsel frå Gud sjølv, for dei om fortaping, men for dykk om frelse.

29Dykk vart det gjeve, ikkje berre å tru på Kristus, men òg å lida for han.

30De har den same striden som de såg at eg hadde, og som de no høyrer at eg har.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Philippians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.