1Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.
2Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Ver frimodig, son, syndene dine er tilgjevne.»
3Men nokre av dei skriftlærde tenkte med seg: «Denne mannen spottar Gud.»
4Jesus visste kva dei tenkte, og sa: «Kvifor hyser de så vonde tankar i hjarta?
5Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?
6Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lame: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»
7Då reiste mannen seg og gjekk heim.
8Men då folket såg det, vart dei ottefulle og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt.
9Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbua; han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde han.
10Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Matteus, og det kom mange tollarar og syndarar og sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans.
11Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»
12Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke.
13Gå og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
14Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Både vi og farisearane fastar, kvifor fastar ikkje læresveinane dine?»
15Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene syrgja så lenge brudgomen er hjå dei? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken frå dei; då skal dei fasta!
16Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta vert større.
17Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker; for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker; då held dei seg begge.»
18Medan han tala til dei om dette, kom ein synagogeforstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nett slokna; men kom og legg handa di på henne, så vert ho levande att.»
19Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane fylgde.
20No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans.
21For ho tenkte: «Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.»
22I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: «Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart god att i same stunda.
23Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:
24«Gå ut! Jenta er ikkje død; ho søv.» Dei berre lo åt han.
25Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.
26Gjetordet om dette kom ut over alle bygdene der ikring.
27Då Jesus gjekk derifrå, fylgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»
28Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre,» svara dei.
29Då tok han på augo deira og sa: «Det skal verta som de trur.»
30Og med ein gong kunne dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»
31Men dei gjekk ut og fortalde om han i alle bygdene der.
32Med det same dei var farne, kom det nokre til han med ein mållaus mann, som var forgjord av ei vond ånd.
33Så snart den vonde ånda var driven ut, kunne den mållause tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel.»
34Men farisearane sa: «Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva dei vonde åndene ut.»
35Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse.
36Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding.
37Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få.
38Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»