1Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder, og til å lækja all sjukdom og vanhelse.
2Dette er namna på dei tolv apostlane: Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans, så Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,
3så Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,
4Simon Kananeus og Judas Iskariot, han som sveik han.
5Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!
6Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket.
7Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær!
8Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det.
9Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet,
10og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd.
11Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger.
12Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.
13Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk.
14Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.
15Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
16Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!
17Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.
18Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga.
19Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.
20For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.
21Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.
22Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
23Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.
24Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.
25Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.
27Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.
28Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.
29Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda.
30Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt.
31Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
32Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.
33Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
34Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35Eg er komen for å setja skilje: Son står mot far, dotter mot mor, sonekone mot vermor,
36og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.
37Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg.
38Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.
39Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!
40Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.
41Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn.
42Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.