1Då Jesus hadde sagt det han ville leggja dei tolv læresveinane sine på hjarta, fór han derifrå og tok til å læra og forkynna kring i byane.
2Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde:
3«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»
4Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
5Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige;
6og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»
7Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden?
8Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane.
9Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet!
10Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar ¬føre deg, han skal rydja vegen for deg.
11Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner, enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han.
12Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg.
13For alle profetane og lova har profetert heilt til Johannes kom.
14Og vil de tru det: Han er den Elia som skulle koma.
15Den som har øyro, han høyre!
16Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17Vi bles på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga.
18For Johannes kom; han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord.
19Menneskesonen kom; han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar! Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.»
20Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi folket ikkje hadde vendt om:
21«Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.
22Men det seier eg dykk: På domedag skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.
23Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
24Men det seier eg dykk: På domedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
25På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.
26Ja, Far, for dette var din gode vilje.
27Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
29Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.
30For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»