1På den tid hende det at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på ein sabbat. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.
2Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, no gjer læresveinane dine noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!»
3Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han og dei som var med han, vart svoltne?
4Han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrøda, dei som korkje han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.
5Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat krenkjer sabbaten i templet, og likevel er utan skuld?
6Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn templet.
7Hadde de skjøna kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.
8For Menneskesonen er herre over sabbaten.»
9Så gjekk han derifrå og kom inn i synagoga deira.
10Der var det ein mann som hadde ei lam hand, og dei spurde Jesus: «Er det tillate å lækja på sabbaten?» Dei ville ha noko å klaga han for.
11Han svara: «Om ein av dykk hadde ein sau, og han datt i ei grøft på sabbaten, ville han ikkje då få tak i sauen og dra han opp?
12Kor mykje meir verdt er ikkje eit menneske enn ein sau! Så er det då tillate å gjera godt på sabbaten.»
13Og han sa til mannen: «Rett ut handa!» Han så gjorde, og handa vart god som den andre.
14Men farisearane gjekk ut og la planar om korleis dei skulle få rudt han or vegen.
15Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå. Mange fylgde han, og han lækte dei alle.
16Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera han kjend.
17Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
18Sjå, min tenar ¬som eg har valt ut, han som eg elskar ¬og har hugnad i! Eg vil leggja min Ande på han, og han skal kunngjera ¬for folkeslaga det som rett er.
19Han skal ikkje tretta ¬og ikkje ropa, og ingen skal høyra hans røyst ¬i gatene.
20Han skal ikkje bryta ¬eit broste sev og ikkje sløkkja ¬ein rykande veik før han har ført retten ¬fram til siger.
21Og til hans namn ¬skal folkeslaga setja si von.
22Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå.
23Alt folket vart frå seg av undring og sa: «Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?»
24Men då farisearane høyrde det, sa dei: «Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.»
25Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg.
26Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg?
27Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk.
28Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.
29Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans.
30Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
31Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast.
32Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem.
33Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta.
34Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen.
35Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.
36Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag.
37Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.»
38Nokre skriftlærde og farisearar tok då til ords og sa: «Meister, vi ville gjerne sjå deg gjera eit teikn.»
39Han svara: «Ei vond og utru ætt krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.
40For liksom Jona var tre dagar og tre netter i buken på den store fisken, såleis skal Menneskesonen vera tre dagar og tre netter i jord-djupet.
41Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona.
42Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo.
43Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter kvilestad, men finn ingen.
44Då seier ho: Eg vil fara attende til huset mitt som eg flytte ifrå. Og når ho kjem att, finn ho det tomt, feia og fjelga.
45Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no. Såleis kjem det òg til å gå med denne vonde ætta.»
46Medan han heldt på å tala til folket, kom mor hans og brørne hans. Dei gav seg til utanfor og ville gjerne tala med han.
47Då var det ein som sa til han: «Mor di og brørne dine står utanfor og vil tala med deg.»
48Jesus svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?»
49Så rette han ut handa mot læresveinane sine og sa: «Der er mor mi og brørne mine.
50For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»