Matthew 8NO1978NN

1Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk fylgde han.

2Då kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

3Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.

4Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»

5Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:

6«Herre,» sa han, «tenaren min ligg lam heime og lid vondt.»

7Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»

8«Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att.

9For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

10Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.

11Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

12Men arvingane til riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

13Og Jesus sa til offiseren: «Gå heim! Det skal verta som du trudde.» Og tenaren vart frisk i same stunda.

14Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at vermor hans låg sjuk og hadde feber.

15Han tok henne i handa; då gav feberen seg, og ho stod opp og stelte for han.

16Om kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord, og lækte alle som var sjuke.

17Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala ved profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar.

18Då Jesus såg alt folket som hadde samla seg ikring han, sa han til læresveinane: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»

19Ein skriftlærd kom til han og sa: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du går.»

20Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.»

21Ein annan, ein av læresveinane, sa til han: «Herre, lat meg fyrst få gå heim og gravleggja far min.»

22Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei døde gravleggja sine døde.»

23Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han.

24Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!»

26Han svara: «Kvifor er de så redde? Kor lite tru de har!» Så reiste han seg og truga vinden og sjøen, og det vart blikande stilt.

27Mennene undra seg og sa: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han.»

28Då Jesus kom over på hi sida, til Gadarenar-landet, møtte han to forgjorde menn som kom ut or gravholene. Dei var så ville at ingen kunne koma fram den vegen.

29Dei sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

30Eit godt stykke der ifrå gjekk det ein stor svineflokk på beite.

31Og dei vonde åndene bad han: «Driv du oss ut, så send oss inn i svineflokken.»

32«Far av stad!» sa Jesus. Og dei fór ut or mennene og inn i svina. Då sette heile flokken utfor eit stup og ned i sjøen, og der drukna dei.

33Gjætarane rømde og sprang inn til byen. Der fortalde dei alt, og sa korleis det hadde gått med dei forgjorde.

34Heile byen kom ut og ville møta Jesus. Og då dei fekk sjå han, bad dei han fara bort frå bygdene deira.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.