Matthew 7NO1978NN

1Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!

2For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.

3Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?

4Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige?

5Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.

6Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

7Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.

8For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød,

10eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk?

11Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.

13Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

15Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.

16På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar?

17Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt.

18Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt.

19Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

20Difor skal de kjenna dei på fruktene.

21Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.

22Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?

23Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

24Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.

25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.

27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

28Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans.

29For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.