Matthew 6NO1978NN

1Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hjå Far dykkar i himmelen.

2Når du gjev til dei fattige, så blås ikkje i basun om det, som hyklarane gjer i synagogene og på gatene, så folk skal rosa dei. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

3Men når du gjev ei gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.

4Gjev gåva di i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.

5Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

6Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

7Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.

8Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det.

9Difor skal de be såleis: Fader vår, ¬du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast.

10Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen.

11Gjev oss i dag ¬vårt daglege brød.

12Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt ¬våre skuldmenn.

13Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, ¬og makta og æra i all æve. ¬Amen.

14For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg.

15Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.

16Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

17Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.

19Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel.

20Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

21For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.

22Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos.

23Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!

24Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

25Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

26Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si?

28Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje,

29men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

30Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

31Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med?

32For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

33Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

34Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.