1Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han.
2Då tok han til ords og lærte dei:
3Sæle dei som er fattige ¬i seg sjølve, himmelriket er deira.
4Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta.
5Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda.
6Sæle dei som hungrar ¬og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta.
7Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.
8Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
9Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
10Sæle dei som vert forfylgde ¬for rettferd, himmelriket er deira.
11Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis.
12Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.
13De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.
14De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.
15Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.
16Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
17Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.
18Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.
19Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.
20Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
21De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.
22Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld.
23Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for,
24så lat gåva di liggja framfor altaret og gå fyrst og forlik deg med han. Kom så og ber fram offeret ditt!
25Ver snar til å semjast med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for domaren, og domaren gjev deg over til vaktmannen, og du vert kasta i fengsel.
26Sanneleg, det seier eg deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.
27De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet.
28Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt.
29Om høgre auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete.
30Og om høgre handa lokkar deg til synd, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen kjem i helvete.
31Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev.
32Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
33De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren.
34Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol,
35eller ved jorda, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.
36Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart.
37Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann.
39Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.
40Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.
41Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to.
42Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.
43De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din.
44Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,
45så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.
46Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?
47Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?
48Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.