1Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka, så djevelen skulle freista han.
2Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt vart han svolten.
3Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!»
4Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»
5Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren
6og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine ¬påbod om deg, og dei skal bera deg ¬på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.»
7Men Jesus svara: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom
9og sa: «Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg.»
10Då sa Jesus til han: «Gå frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan ¬skal du tena.»
11Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
12Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han attende til Galilea.
13Han flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum ved Galilea-sjøen, i landet til Sebulon- og Naftali-ættene.
14Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
15Du Sebulons og Naftalis land, som ligg langsmed sjøen, og landet austanfor Jordan, du Galilea, ¬som høyrer heidningar til:
16Det folket som sat i mørker, har sett eit stort ljos. For dei som bur i dødens ¬skuggeland, har ljoset gått opp.
17Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er nær!»
18Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
19Han sa til dei: «Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
20Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.
21Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte nøter. Jesus kalla dei,
22og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og fylgde han.
23Sidan fór Jesus ikring i heile Galilea; han lærte folket i synagogene deira, forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse hjå dei.
24Det gjekk gjetord om han over heile Syria; og dei kom til han med alle som hadde vondt og leid av ymse sjukdomar og plager, både forgjorde, månesjuke og lame, og han lækte dei.
25Ei stor folkemengd fylgde han, frå Galilea og Dekapolis, frå Jerusalem og Judea og frå bygdene austanfor Jordan.