Matthew 3NO1978NN

1På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte:

2«Vend om, for himmelriket er nær!»

3Det er om han profeten Jesaja talar når han seier: Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette!

4Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.

5Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan.

6Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.

7Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma?

8Så ber då frukt som svarar til omvendinga.

9Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane.

10Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

11Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.

12Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»

13Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han.

14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!»

15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville.

16Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.

17Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.