Matthew 2NO1978NN

1Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem

2og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.»

3Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.

4Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd.

5«I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten:

6Du Betlehem i Juda land er så visst ikkje den ringaste ¬av fyrstane i Juda. Frå deg skal det koma ¬ein hovding, som skal vera hyrding for Israel, ¬folket mitt.»

7Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg

8Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»

9Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var.

10Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade.

11Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.

12Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

13Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

14Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt,

15og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

16Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.

17Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:

18Det høyrdest eit rop ¬i Rama, gråt og høg klage; Rakel gret over borna sine og ansa ikkje trøystarord. For borte er dei.

19Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt

20og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.»

21Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.

22Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea.

23Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Såleis skulle det oppfyllast, det profetane hadde sagt, at han skulle kallast nasarear.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.