1Då Jesus hadde tala alle desse orda, sa han til læresveinane:
2«De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»
3Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas,
4og vart samde om å gripa Jesus med list og drepa han.
5«Men ikkje i høgtida,» sa dei, «elles kunne det verta oppstyr mellom folket.»
6Medan Jesus var i Betania, heime hjå Simon den spedalske,
7kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke full av dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han sat til bords.
8Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til?
9Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.»
10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.
11Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.
12Då ho slo denne salven ut over lekamen min, salva ho meg til gravferda mi.
13Sanneleg, det seier eg dykk: Alle stader i verda der dette evangeliet vert forkynt, skal det ho gjorde, forteljast til minne om henne.»
14Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane
15og sa: «Kva vil de gje meg om eg hjelper dykk til å få tak i han?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.
16Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
17Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»
18Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.»
19Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.
20Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
21Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»
23Jesus svara: «Ein som har duppa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.
24Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»
25Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sjølv sagt det,» svara Jesus.
26Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.»
27Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den!
28Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.
29Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»
30Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
31Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast.
32Men når eg har stått opp att, skal eg fara føre dykk til Galilea.»
33Peter tok til ords og sa: «Om så alle vender seg frå deg, skal eg aldri gjera det.»
34Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»
35Men Peter sa: «Om eg så lyt døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa dei andre læresveinane.
36Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går bort der og bed.»
37Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å syrgja og kvidast.
38Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»
39Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
40Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg?
41Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.»
42Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.»
43Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn.
44Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen.
45Så kom han attende til læresveinane og sa: «De søv framleis og kviler, de! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast i syndarhand.
46Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»
47Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane og dei eldste i folket.
48Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta.»
49Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.
50Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!» No kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.
51Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.
52Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd.
53Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?
54Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?»
55I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje.
56Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde.
57Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.
58Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.
59Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.
60Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to
61som sa: «Denne mannen har sagt: Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.»
62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til det dei klagar deg for?»
63Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Ved den levande Gud – sei oss: Er du Messias, Guds Son?»
64Jesus svara: «Du har sagt det. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa åt Den Mektige og koma på himmelskyene.»
65Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.
66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»
67Så spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Andre slo han på kinnet
68og sa: «No kan du vera profet, Messias, og seia kven som slo deg!»
69Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei av tenestjentene bort til han og sa: «Du òg var saman med Jesus frå Galilea.»
70Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du talar om.»
71Så gjekk han ut i portkvelven. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»
72Peter nekta atter og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen!»
73Eit lite bel etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Ja menn er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»
74Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Med det same gol hanen.
75Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.