Matthew 27NO1978NN

1Då det vart morgon, møttest alle overprestane og dei eldste i folket og samdest om at Jesus laut døy.

2Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.

3Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og bar dei tretti sølvpengane attende til overprestane og dei eldste

4og sa: «Eg synda då eg sveik ein skuldlaus og sende han i døden.» Men dei svara: «Kva skil det oss? Det vert di sak.»

5Då kasta han pengane inn i templet og gjekk bort og hengde seg.

6Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»

7Så vart dei samde om å kjøpa Krusmakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande.

8Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.

9Då vart det oppfylt, det som profeten Jeremia har sagt: Dei tok dei tretti sølvpengane, det som han var verdsett til, han som israelittane ¬lét verdsetja,

10og gav dei ¬for Krusmakaråkeren, så som Herren baud meg.

11Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Det er dine ord,» svara Jesus.

12Men då overprestane og dei eldste kom med klagemåla sine mot han, svara han ikkje.

13Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alt det dei klagar deg for?»

14Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg svært.

15Kvar høgtid var landshovdingen van å gje ein fange fri, den som folket ville ha.

16Den gongen hadde dei ein velkjend fange som heitte Barabbas.

17Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som vert kalla Messias?»

18For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus i hans hand.

19Medan Pilatus sat i domarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne skuldlause mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»

20Men overprestane og dei eldste overtalde folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.

21Og då landshovdingen spurde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» svara dei: «Barabbas.»

22«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som vert kalla Messias?» spurde Pilatus. Då ropa dei alle: «Krossfest han!»

23«Kva vondt har han gjort?» spurde han. Men dei ropa berre endå høgare: «Krossfest han!»

24Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, og at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på og sa: «Eg har inga skuld i blodet åt denne mannen. Dette lyt de svara for.»

25Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»

26Då gav han dei Barabbas fri, men han lét Jesus verta piska og gav han over til krossfesting.

27Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken ikring han.

28Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,

29fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handa. Dei fall på kne for han, gjorde narr av han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!»

30Så spytta dei på han og tok røyrstaven og slo han i hovudet.

31Då dei hadde drive gjøn med han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede. Så førte dei Jesus bort og skulle krossfesta han.

32På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne, som heitte Simon; honom tvinga dei til å bera krossen hans.

33Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallen –

34gav dei han vin, blanda med galle. Men då han hadde smaka på det, ville han ikkje drikka.

35Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.

36Sidan vart dei sitjande der og heldt vakt over han.

37Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»

38Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida.

39Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han:

40«Du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

41På same måten gjorde overprestane narr av han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa:

42«Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han.

43Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har hugnad i han. Han har då sagt: Eg er Guds Son.»

44Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.

45Frå den sjette timen låg det mørker over heile landet alt til den niande timen.

46Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

47Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»

48Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka.

49Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»

50Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.

51Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna.

52Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp.

53Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

55Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

57Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea. Han hadde vorte ein Jesu læresvein.

58Han gjekk til Pilatus og bad om å få lekamen åt Jesus, og Pilatus baud at han skulle få han.

59Då tok Josef lekamen, sveipte han i eit reint linklede

60og la han i den nye grava som han hadde hogge ut til seg i bergveggen. Så velte han ein stor stein attfor inngangen og gjekk.

61Maria Magdalena og den andre Maria var der; dei sat beint framfor grava.

62Neste dagen, den som kjem etter helgaftan, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus

63og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: Tre dagar etter står eg opp att.

64Gjev no påbod om at det skal haldast vakt ved grava til tredje dagen er over. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då vert den siste villfaringa verre enn den fyrste.»

65Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og syt for vakthald som de finn det best.»

66Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 27.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.