1Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.
2Fem av dei var uvituge, og fem var kloke.
3Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg.
4Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine.
5Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!»
7Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine.
8Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.»
9«Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»
10Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd.
11Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!»
12Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»
13Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
14Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte.
15Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.
16Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til.
17Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til.
18Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.
19Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine.
20Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.»
21Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
22Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.»
23«Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»
24Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.
25Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.»
26Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde.
27Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim.
28Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti!
29For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.
30Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»
31Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.
32Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,
33og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd.
35For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;
36eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»
37Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke?
38Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg?
39Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?»
40Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.
42For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke;
43eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.»
44Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?»
45Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.»
46Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.