1Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.
2Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
3Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4Jesus tok til ords og sa: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!
5For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.
6De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen.
7Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader.
8Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.
9Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
10Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.
11Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt.
12Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.
13Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
14Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
15Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –
16då må dei som er i Judea, røma til fjells;
17den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;
18og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.
19Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!
20Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat!
21For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.
22Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
23Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje!
24For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd.
25Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt!
26Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.
27For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.
28Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.
30Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.
31Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
32Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra.
34Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
36Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
37Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,
39og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem.
40Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att.
41To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
42Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.
43Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.
44Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?
46Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!
47Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.
48Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno.
49Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.
50Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,
51og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.