1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:
2«På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane.
3Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.
4Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.
5Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;
6dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene,
7og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
8Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.
9Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.
10Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus.
11Den største av dykk skal tena dei andre.
12Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.
13Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
14Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.
15Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.
16Ve dykk, blinde rettleiarar, som seier: Sver du ved templet, har det ikkje noko å seia; men sver du ved gullet i templet, då er du bunden.
17Blinde dårar! Kva er størst, gullet eller templet som gjer gullet heilagt?
18Og like eins: Sver du ved altaret, har det ikkje noko å seia; men sver du ved offergåva som ligg på altaret, då er du bunden.
19Kor blinde de er! Kva er størst, offergåva eller altaret som gjer gåva heilag?
20Den som sver ved altaret, sver både ved det og alt som ligg på det.
21Og den som sver ved templet, sver både ved det og han som bur i det.
22Og den som sver ved himmelen, sver ved Guds kongsstol og ved han som sit på stolen.
23Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Dette skulle gjerast og det andre ikkje latast ugjort.
24Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.
25Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av havesykje og lyster.
26Blinde farisearar! Gjer fyrst skåla rein inni, så vert ho rein utanpå òg!
27Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.
28Så er det med dykk òg: I det ytre, det folk ser, er de rettferdige; men inni er de fulle av hyklarskap og urett.
29Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De byggjer gravmæle over profetane og pryder gravene åt heilage menn og seier:
30Hadde vi vore til då fedrane våre levde, då hadde vi ikkje vore med på å drepa profetane.
31Så vitnar de sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel.
32Hald fram som fedrane dykkar til målet er fullt.
33Slangar og ormeyngel! Korleis kan de sleppa å verta dømde til helvete?
34Difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde. Somme av dei kjem de til å drepa og krossfesta, somme kjem de til å piska i synagogene og forfylgja frå by til by.
35Såleis skal straffa koma over dykk for alt det skuldlause blodet som har runne på jorda, heilt frå drapet på den rettferdige Abel til drapet på Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom templet og altaret.
36Sanneleg, det seier eg dykk: Over denne ætta skal det koma alt saman.
37Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.
38Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta.
39For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!»