Matthew 22NO1978NN

1Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning:

2«Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin.

3Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje.

4Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet!

5Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si.

6Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel.

7Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira.

8Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det.

9Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn.

10Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.

11Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd.

12Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde.

13Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner!

14For mange er kalla, men få er utvalde.»

15Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord.

16Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia: «Meister, vi veit at du er ærleg og at du i sanning lærer oss Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk.

17Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?»

18Men Jesus merka vondskapen deira og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve?

19Vis meg mynten som skatten skal betalast med.» Dei gav han ein denar.

20«Kven sitt bilete og namn er dette?» spurde han.

21«Keisarens,» svara dei. Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er.»

22Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk sin veg.

23Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

24«Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

25No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren.

26Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju.

27Sist av alle døydde kvinna.

28Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt.

30For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen.

31Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier:

32Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»

33Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

34Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde målbunde saddukearane, kom dei saman.

35Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde:

36«Meister, kva bod er det største i lova?»

37Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit.

38Dette er det største og fyrste bodet.

39Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

40På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

41Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei:

42«Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei.

43Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier:

44Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter.

45Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?»

46Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.