1Då dei var komne til Betfage ved Oljeberget, og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to læresveinar i veg
2og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der finn de straks eit esel som står bunde, saman med folen sin. Dei skal de løysa og leia til meg.
3Og er det nokon som spør dykk, skal de seia: Herren har bruk for dei. Då sender han dei hit med ein gong.»
4Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten, når han seier:
5Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem ¬til deg, audmjuk rid han på eit esel, folen til eit kløvdyr.
6Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.
7Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.
8Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.
9Og folket som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna, Davids son! Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn! Hosianna i det høgste!
10Då han drog inn i Jerusalem, kom heile byen i rørsle og spurde: «Kven er dette?»
11Og folket svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»
12Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,
13og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.»
14På tempelplassen kom det blinde og vanføre til han, og han lækte dei.
15Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge
16og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja,» svara Jesus. «Har de aldri lese: Du har late småborn ¬og spedborn syngja din pris!»
17Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; der var han om natta.
18Om morgonen, medan Jesus var på veg inn til byen, vart han svolten.
19Han fekk sjå eit fikentre attmed vegen og gjekk bort til det, men fann ikkje anna enn lauv. Då sa han til treet: «Aldri meir skal du bera frukt.» Og straks visna fikentreet.
20Læresveinane undra seg då dei såg det og sa: «Korleis hadde det seg at fikentreet visna så brått?»
21Jesus svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de trur og ikkje tvilar, skal de ikkje berre kunna gjera det som eg gjorde med fikentreet. Men om de seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, så skal det henda.
22Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru.»
23Så gjekk Jesus inn på tempelplassen; og medan han lærte folket, kom overprestane og dei eldste i folket til han og spurde: «Kva rett har du til å gjera dette? Kven har gjeve deg fullmakt til det?»
24Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svarar de meg på det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
25Johannes-dåpen, kvar var den ifrå? Frå himmelen eller frå menneske?» Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?
26Og svarar vi: Frå menneske, då må vi reddast folket; for alle held Johannes for ein profet.»
27Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
28Men kva meiner de om dette: Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min!
29Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk.
30Så gjekk faren til den andre og bad han om det same. Ja, herre, svara han; men han gjekk ikkje.
31Kven av dei to gjorde det faren ville?» «Den fyrste,» svara dei. Då sa Jesus til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Tollarar og skjøkjer kjem før inn i Guds rike enn de.
32For då Johannes kom til dykk på rettferds veg, trudde de han ikkje. Men tollarane og skjøkjene, dei trudde han. Men endå de såg det, angra de ikkje då heller, så de trudde på han.
33Høyr ei anna likning: Det var ein gong ein husbond som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse i han og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.
34Då det leid mot frukttida, sende han tenarane sine til paktarane og ville få sin del av avlinga.
35Men dei greip tenarane: ein skamslo dei, ein drap dei og ein steina dei.
36Så sende han andre tenarar, fleire enn fyrste gongen, men dei gjorde det same med dei.
37Til sist sende han son sin til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.
38Men då vindyrkarane fekk sjå sonen, sa dei til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.
39Så tok dei han, kasta han ut or vingarden og slo han i hel.
40Når no vingardsherren kjem, kva skal han då gjera med desse paktarane?»
41«Ein vond død skal han gje desse vonde mennene,» svara dei, «og vingarden skal han leiga ut til andre, som gjev han avlinga i rett tid.»
42Då sa Jesus til dei: «Har de aldri lese i skriftene: Den steinen bygningsmennene ¬vraka, har vorte hjørnestein. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo.
43Difor seier eg dykk: Guds rike skal takast ifrå dykk og gjevast til eit folk som ber dei fruktene som høyrer riket til.
44Kvar den som fell mot denne steinen, skal skada seg. Men den som steinen fell på, skal verta knust.»
45Då overprestane og farisearane høyrde desse likningane, skjøna dei at det var dei han sikta til.
46Dei ville gjerne ha gripe han, men torde ikkje for folket som meinte at han var ein profet.