Matthew 20NO1978NN

1Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin.

2Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.

3Så gjekk han ut ikring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.

4Han sa til dei: Gå bort i vingarden, de òg! Så skal de få det som rett er.

5Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins.

6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?

7Fordi ingen har leigt oss, svara dei. Då sa han: Gå bort i vingarden, de òg.

8Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste.

9Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.

10Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg.

11Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden

12og sa: Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!

13Han sa til ein av dei: Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar?

14Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg.

15Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god?

16Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.»

17Jesus drog no opp til Jerusalem. På vegen tok han dei tolv læresveinane til sides og sa:

18«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på overprestane og dei skriftlærde. Dei skal døma han til døden

19og gje han over til heidningane, så han vert spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han stå opp att.»

20Då kom mor åt Sebedeus-sønene til Jesus med sønene sine og fall på kne og ville be han om noko.

21«Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Lov meg at desse to sønene mine skal få sitja attmed deg i riket ditt, den eine på høgre og den andre på venstre sida.»

22«De veit ikkje kva de bed om,» sa Jesus. «Kan de drikka den skåla som eg skal drikka?» «Det kan vi,» svara dei.

23Då sa han: «Mi skål skal de nok drikka; men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som Far min har etla det åt.»

24Då dei ti andre høyrde dette, vart dei arge på dei to brørne.

25Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei.

26Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre;

27og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre.

28Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.»

29Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med han.

30Attmed vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31Folket skjente på dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32Då stogga Jesus, bad dei koma og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33«Herre, lat oss få synet!» svara dei.

34Jesus tykte hjarteleg synd i dei og tok bortpå augo deira. Med ein gong kunne dei sjå, og dei fylgde han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Matthew 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.