1Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan.
2Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der.
3Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»
4Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne
5og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt?
6Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»
7Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»
8Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.
9Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.»
11Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve.
12For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»
13Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort.
14Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»
15Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
16Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?»
17Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det som er godt? Det er berre éin som er god. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!»
18«Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: «Du skal ikkje slå i hel. Du skal ikkje bryta ekteskapet. Du skal ikkje stela. Du skal ikkje vitna rangt.
19Du skal æra far din og mor di. Du skal elska nesten din som deg sjølv.»
20«Alt dette har eg halde,» svara den unge mannen. «Kva står då att?»
21Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!»
22Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sturen bort, for han var svært rik.
23Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det er vanskeleg for ein rik å koma inn i himmelriket.
24Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
25Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: «Kven kan då verta frelst?»
26Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogeleg; men for Gud er alt mogeleg.»
27Då tok Peter til ords og sa: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt og fylgt deg? Kva skal vi få?»
28Jesus sa til dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Når verda skal fødast på nytt, og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har fylgt meg, sitja på tolv troner og døma dei tolv Israels-ættene.
29Og alle som har skilt seg med hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att mange gonger og få evig liv.
30Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei fyrste.