1I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»
2Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei
3og sa: Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.
4Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
6Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.
7Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.
9Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.
11For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
12Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt?
13Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort.
14Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
15Syndar bror din, så gå til han og tal han til rettes på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.
16Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak stå fast.
17Høyrer han ikkje på dei, så sei det til kyrkjelyden. Men vil han ikkje høyra på kyrkjelyden heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
18Sanneleg, det seier eg dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
19Sameleis seier eg dykk: Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen.
20For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.
21Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgje bror min når han syndar mot meg? Så mykje som sju gonger?»
22Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
24Då han tok til med oppgjerda, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25Men han hadde ikkje noko å betala med. Då baud herren hans at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han åtte, så gjelda kunne betalast.
26Men tenaren fall på kne for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det alt saman.
27Herren tykte synd i han, ettergav han skulda og lét han gå.
28Då tenaren kom ut, møtte han ein av dei andre tenarane som skulda han hundre denarar. Han greip han, tok strupetak på han og sa: Kom med det du er skuldig!
29Den andre fall ned for han og bad: Ver tolmodig med meg, så skal du få det.
30Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til skulda var betalt.
31Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei sorgfulle; dei gjekk til herren sin og fortalde han alt i hop.
32Då kalla herren han for seg att og sa til han: Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.
33Skulle ikkje du òg ha vore mild imot medtenaren din, som eg var mild imot deg?
34Og herren vart harm og overgav tenaren til harde fangevaktarar, til dess han hadde betalt heile skulda.
35Såleis skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjarta tilgjev bror sin.»