1Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.
2Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset.
3Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han.
4Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»
5Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!»
6Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle.
7Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»
8Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.
9På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei at dei ikkje skulle tala til nokon om dette synet før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.
10Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at fyrst må Elia koma?»
11Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.
12Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei kjendest ikkje ved han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»
13Då skjøna læresveinane at det var om døyparen Johannes han tala til dei.
14Då dei var på veg bortover mot folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han
15og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.
16Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»
17Jesus svara: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med guten!»
18Og Jesus tala myndig til han, så den vonde ånda fór ut. Og guten vart god att i same stunda.
19Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»
20«Fordi de har så lite tru,» svara han. «Sanneleg, det seier eg dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: Flytt deg herifrå og dit! Då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.
21Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»
22Medan dei endå var samla i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske;
23dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han stå opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.
24Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til templet?»
25«Jau, det gjer han,» svara Peter. Så gjekk han heim. Men før han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av sine eigne eller av framande?»
26«Av framande,» svara Peter. «Så er borna frie då,» sa Jesus.
27«Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Grip den fyrste fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein stater. Ta den og gjev dei for meg og deg.»