1Vil nokon bera fram eit måltidsoffer, og han tek det av storfeet, skal det vera eit lytelaust dyr han leier fram for Herrens åsyn, anten okse eller ku.
2Han skal leggja handa på hovudet åt offerdyret og slakta det innmed møteteltdøra, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
3Av måltidsofferet skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen,
4begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
5Arons-sønene skal brenna det på altaret saman med brennofferet som ligg på veden dei har lagt på elden. Dette er eit eldoffer til godange for Herren.
6Men vil han bera fram for Herren eit måltidsoffer av småfeet, skal det vera eit lytelaust dyr han leier fram, anten hann eller ho.
7Vil han ofra ein sau, skal han leia han fram for Herrens åsyn,
8leggja handa på hovudet åt offerdyret og slakta det framfor møteteltet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
9Av måltidsofferet skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera feittet på dyret: heile feitthalen, som han skal skjera tett innmed ryggbeinet, netja og alt feittet som er på innvolen,
10begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
11Presten skal brenna det på altaret. Det er eldoffermat for Herren.
12Er det ei geit han vil ofra, skal han leia henne fram for Herrens åsyn,
13leggja handa på hovudet hennar og slakta henne framfor møteteltet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
14Av offeret skal han bera fram eit eldoffer for Herren. Det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen,
15begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
16Presten skal brenna det på altaret. Det er eldoffermat til godange for Herren. Alt feitt høyrer Herren til.
17Dette skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar kvar de så bur. Feitt og blod må de aldri eta.