Leviticus 4NO1978NN

1Herren tala til Moses og sa:

2Sei til israelittane: Når nokon syndar av vanvare mot eit av Herrens bod og gjer noko han ikkje har lov til, gjeld desse føresegnene:

3Er det den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, lytelaus okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort.

4Han skal leia oksen fram for Herrens åsyn, til møteteltdøra, leggja handa på hovudet åt oksen og slakta han for Herrens åsyn.

5Presten som er salva, skal ta noko av okseblodet og bera det inn i møteteltet.

6Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget i heilagdomen.

7Noko av blodet skal han stryka på horna på altaret med den velluktande røykjelsen, det som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av okseblodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.

8Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, både netja og alt feittet som er på innvolen,

9begge nyrene med talga som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal skjera ut saman med nyrene.

10Alt dette skal presten ta ut, like eins som på oksen til måltidsofferet, og så skal han brenna det på brennofferaltaret.

11Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og føter, innvol og mageinnhald,

12heile oksen, skal han føra ut or leiren til ein rein stad, der dei tømer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømer offeroska, skal han brennast.

13Har heile Israels-lyden synda av vanvare, har heile folket utan å vita om det gjort noko som ikkje er tillate etter eit av Herrens bod, og ført skuld over seg,

14skal folket ofra ein ung okse til syndoffer når synda vert kjend. Dei skal leia han fram til møteteltet,

15dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt oksen for Herrens åsyn, og så skal oksen slaktast der.

16Presten som er salva, skal bera noko av okseblodet inn i møteteltet.

17Han skal duppa fingeren i blodet og skvetta det sju gonger for Herrens åsyn, framfor forhenget.

18Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens åsyn i møteteltet. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret, som står framfor møteteltdøra.

19Alt feittet skal han ta ut or oksen og brenna det på altaret.

20Som han gjorde med den fyrste syndofferoksen, så skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei, så dei får tilgjeving.

21Han skal føra oksen ut or leiren og brenna han, liksom han brende den fyrste oksen. Dette er syndofferet for Israels-lyden.

22Når ein hovding av vanvare syndar mot eit av boda åt Herren sin Gud, og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg,

23då skal han bera fram eit offer når han skjønar at han har synda. Det skal vera ein bukk som er utan lyte.

24Han skal leggja handa på hovudet åt bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens åsyn. Dette er eit syndoffer.

25Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed foten på brennofferaltaret.

26Alt feittet skal han brenna på altaret, liksom han gjorde med feittet av måltidsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.

27Er det ein mann av folket som av vanvare syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje har lov til, og fører skuld over seg,

28skal han bera fram eit offer for synda når han skjønar at han har synda. Det skal vera ei geit som er utan lyte.

29Han skal leggja handa på hovudet åt syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret.

30Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten.

31Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or måltidsofferet. Presten skal brenna det på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.

32Tek han ein sau til syndoffer, skal han koma med eit lytelaust hodyr.

33Han skal leggja handa på hovudet åt dyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret.

34Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut nedmed altarfoten.

35Alt feittet skal han ta ut, liksom dei tek feittet ut or ein sau dei ofrar som måltidsoffer. Presten skal brenna det på altaret saman med eldofferet til Herren. Såleis skal presten gjera soning for han og for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.