Leviticus 2NO1978NN

1Når nokon vil bera fram eit grødeoffer for Herren, skal offergåva hans vera kveitemjøl. Han skal hella olje på mjølet, leggja røykjelse oppå

2og koma med det til Arons-sønene, prestane. Presten skal ta ein neve av mjølet og oljen, og så all røykjelsen, og brenna det på altaret som eit påminningsoffer. Det er eit eldoffer til godange for Herren.

3Det som er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha; det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.

4Når du vil bera fram eit grødeoffer av noko som er steikt i omn, skal det vera av kveitemjøl, anten usyrte kaker med olje i eller usyrte brødleivar, smurde med olje.

5Er offeret ditt eit grødeoffer som er steikt på helle, skal det òg vera av kveitemjøl som er blanda med olje, og usyrt.

6Du skal bryta det i bitar og hella olje over det. Det er eit grødeoffer.

7Er offeret ditt eit grødeoffer som er kokt i gryte, skal det lagast av kveitemjøl og olje.

8Når grødeofferet er tillaga på ein av desse måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram til altaret.

9Av grødeofferet skal presten ta påminningsofferet og brenna det på altaret. Det er eit eldoffer til godange for Herren.

10Og det som då er att av grødeofferet, skal Aron og sønene hans ha. Det er ein høgheilag del av Herrens eldoffer.

11Eit grødeoffer som de vil bera fram for Herren, må ikkje lagast til med noko som er syrt. For korkje surdeig eller honning må de brenna som eldoffer for Herren.

12Når de tek offergåva av den fyrste grøda, kan de bera dette fram for Herren; men på altaret må det ikkje koma, til godange for han.

13Alle grødeoffer skal du salta. Aldri må du la det vanta salt i grødeofferet ditt, for saltet høyrer med til pakta med din Gud. Difor skal du bera fram salt attåt alle offera dine.

14Vil du bera fram for Herren ei offergåve av den fyrste grøda, skal du ta knust korn av nymogne aks, steikja det i elden og ofra det til Herren. Det skal vera offergåva di av den fyrste grøda.

15Du skal hella olje over offeret og leggja røykjelse på det. Det er eit grødeoffer.

16Presten skal brenna noko av det knuste kornet og av oljen, og så all røykjelsen, til påminningsoffer. Dette er eit eldoffer for Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.