1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til israelittane: Eg er Herren dykkar Gud.
3De skal ikkje fara åt som folket i Egypt, der de har butt, eller som dei gjer i Kanaan, det landet eg fører dykk til. De skal ikkje fylgja skikkane deira.
4Mine lover skal de halda, og mine føresegner skal de akta på, så de fylgjer dei. Eg er Herren dykkar Gud.
5De skal halda føresegnene og lovene mine. Det mennesket som rettar seg etter dei, skal leva ved dei. Eg er Herren.
6Ingen av dykk må røra ei nærskyld kvinne og liggja med henne. Eg er Herren.
7Du skal ikkje liggja med mor di og såleis vanæra far din. Ho er mor di; du skal ikkje liggja med henne.
8Du skal ikkje liggja med stykmor di; ho høyrer far din til.
9Du skal ikkje liggja med syster di, som har same far eller same mor som du. Anten ho er fødd heime eller ute, skal du ikkje liggja med henne.
10Du skal ikkje liggja med sonedotter eller dotterdotter di; for såleis fører du skam over deg sjølv.
11Du skal ikkje liggja med dotter til stykmor di som er dotter til far din òg; ho er syster di.
12Du skal ikkje liggja med syster til far din; ho er i nær slekt med far din.
13Du skal ikkje liggja med syster til mor di; ho står mor di for nær.
14Du skal ikkje liggja med kona til farbror din; henne må du ikkje koma for nær. Ho er tanta di.
15Du skal ikkje liggja med verdotter di. Ho er kona til son din; du skal ikkje liggja med henne.
16Du skal ikkje liggja med kona til bror din; ho høyrer bror din til.
17Du skal ikkje liggja med ei kvinne og dotter hennar. Heller ikkje skal du ta sonedotter eller dotterdotter hennar og liggja med dei; dei er i nær slekt med henne. Det er skamlaus ferd.
18Du skal ikkje gifta deg med syster til kona di og liggja med henne medan kona di lever; for då skaper du strid mellom dei.
19Du skal ikkje gå til ei kvinne og liggja med henne når ho har månadstida si og er urein.
20Du skal ikkje liggja med kona til ein landsmann og såleis gjera deg urein.
21Du skal ikkje gje nokon av borna dine til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud. Eg er Herren.
22Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom.
23Du skal aldri ha omgang med dyr; for då vert du urein. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er stygg åtferd.
24Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For med alt dette har dei gjort seg ureine, dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk.
25Landet har vorte ureint, og eg vil straffa det for synda, så det spyr ut dei som bur der.
26Men de, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der, skal halda føresegnene og lovene mine og ikkje gjera noka av desse avskyelege gjerningane –
27for alle desse stygge gjerningane gjorde dei som budde i landet før dykk, og landet vart ureint.
28Elles kjem landet til å spy dykk ut, fordi de gjer det ureint, liksom det har spytt ut det folket som var der før dykk.
29For alle som gjer slike stygge gjerningar, alle som finn på slikt, skal rydjast ut or folket sitt.
30Så hald dykk då etter det som eg har fastsett, og fylg ikkje nokon av dei skamlause skikkane som dei har fylgt før dykk! Gjer dykk ikkje ureine med dei! Eg er Herren dykkar Gud.