1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til heile Israels-lyden: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.
3Kvar og ein av dykk skal ha age for mor si og far sin. De skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud.
4De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.
5Når de vil bera fram eit måltidsoffer for Herren, skal de gjera det såleis at han kan ha hugnad i dykk.
6Same dagen som de ofrar, skal de eta kjøtet, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast.
7Et nokon av offeret den tredje dagen, er det ein styggedom, og Herren tek ikkje imot han.
8Den som et det då, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var vigt til Herren. Han skal rydjast ut or ætta si.
9Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp.
10Når du haustar vingarden din, skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller henta opp dei som er neddotne. Dei skal du la vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.
11De skal ikkje stela og lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmennene dykkar.
12De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren.
13Du skal ikkje rana og røva noko frå nesten din. Du skal ikkje la ein leigekars løn liggja natta over hjå deg.
14Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja stein i vegen for den som er blind. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren.
15De skal ikkje gjera urett når de sit til doms. Du skal ikkje halda med nokon fordi han er fattig, og ikkje gje nokon rett fordi han er mektig. Rettferdig skal du døma landsmannen din.
16Du skal ikkje gå ikring og baktala skyldfolket ditt. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren.
17Du skal ikkje bera hat til bror din i hjarta. Men du skal tala landsmannen din til rettes, så du ikkje for hans skuld fører synd over deg.
18Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.
19De skal halda føresegnene mine: Du skal ikkje la to dyr av ulikt slag i buskapen din para seg. Du skal ikkje så to slag sæde i åkeren din. Klede som er vovne av to slag garn, skal du ikkje ha på deg.
20Når ein mann går til sengs med ei kvinne og ligg med henne, og ho er ei trælkvinne som er fest til ein annan mann, men enno ikkje er utløyst eller frigjeven, då skal dei straffast. Men dei skal ikkje bøta med livet, fordi ho ikkje er ei fri kvinne.
21Men mannen skal koma til møteteltdøra med ein ver; det er skuldofferet hans til Herren.
22Med denne veren skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda si.
23Når de kjem inn i landet og plantar allslags frukttre, skal de halda den fyrste frukta dei ber, for urein. I tre år skal trea vera ureine for dykk, og de må ikkje eta frukta av dei.
24Det fjerde året skal all frukt viast til Herren på ei gledehøgtid.
25Fyrst i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.
26De skal ikkje eta noko med blodet i. De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding.
27De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.
28De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.
29Du skal ikkje vanhelga dotter di og la henne verta skjøkje. For då vert folket usedeleg og landet fullt av skamløyse.
30De skal halda sabbatsdagane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.
31De skal ikkje venda dykk til gjengangarar og spådomsånder og spørja dei til råds, så de vert ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.
32Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal ha age for din Gud. Eg er Herren.
33Når ein innflyttar bur i landet hjå dykk, skal de ikkje vera harde mot han.
34Han skal vera som ein landsmann for dykk. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
35De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømer, når de brukar lengdemål, vekt eller holmål.
36Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut or Egypt.
37Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Eg er Herren.