Leviticus 17NO1978NN

1Herren tala til Moses og sa:

2Sei til Aron og sønene hans og til alle israelittane: Dette har Herren sagt:

3Når ein mann av Israelsætta slaktar ein okse, ein sau eller ei geit anten i eller utanfor leiren,

4og ikkje leier dyret fram til møteteltdøra og ofrar Herren ei gåve framfor Herrens bustad, då skal det reknast for blodskuld. Den mannen har rent ut blod; han skal rydjast ut or folket sitt.

5Difor skal israelittane koma til Herren med slaktoffera sine som dei plar ofra ute på marka, og føra dei fram til møteteltdøra, til presten, og ofra dei som måltidsoffer til Herren.

6Presten skal skvetta blodet på Herrens altar, som står attmed møteteltdøra, og brenna feittet til godange for Herren.

7Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til dei vonde åndene, som dei driv avgudsdyrking med. Dette skal vera ei evig lov for dei, frå ætt til ætt.

8Du skal seia til dei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, ber fram eit brennoffer eller slaktoffer

9og ikkje kjem til møteteltdøra med det og ofrar det til Herren, då skal mannen rydjast ut or ætta si.

10Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans.

11For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det.

12Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.

13Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det.

14For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut.

15Har nokon, anten han er fødd i landet eller han er innflyttar, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal han vaska kleda sine og lauga seg; han er urein heilt til kvelds. Då vert han rein att.

16Dersom han ikkje vaskar kleda sine og laugar seg, fører han skuld over seg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.