1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til israelittane: Når ei kvinne skal ha barn og får ein son, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som når ho har månadstida si.
3Den åttande dagen skal førehuda åt guten skjerast av.
4Sidan skal ho halda seg heime i trettitre dagar, medan blodet går og ho vert reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane hennar er ute.
5Får ho ei jente, er ho urein i to veker, som når ho har månadstida si. Sidan skal ho halda seg heime i sekstiseks dagar, medan blodet går og ho vert reinsa.
6Når reinsingsdagane er ute, skal ho, anten ho har fått son eller dotter, koma med eit årsgamalt lam til brennoffer og ein dueunge eller ei turteldue til syndoffer. Ho skal bera det fram til møteteltdøra og gje det til presten.
7Han skal ofra det for Herrens åsyn og gjera soning for henne. Då vert ho rein etter blødinga. Dette er lova for kvinner som får barn, anten det er gut eller jente.
8Men har ho ikkje råd til å ofra ein sau, skal ho ta to turtelduer eller to dueungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer, og presten skal gjera soning for henne. Då vert ho rein.